Framsyninga Livmødre består av dans, både tradisjonell folkedans og moderne samtidsdans, og musikk/lydbilete basert på norsk folkemusikk med ei rekke overraskande og uventa element. Det er nyskapande, fengande, sårt og med kraftig driv. Med live musikk frå to musikarar som er på scena under heile framsyninga fungerer stykket like godt som ein konsert, og dansarane bidreg også med tekst og vokal.
Kvinnekroppen endrar seg i naturleg syklus kvar månad, og gjennom store overgangar som å bli mor. 5 kvinnelege dansarar utforskar korleis desse overgangane kan tematiserast i hallingtakt. Er det mogeleg å uttrykke noko av det mest kvinnelege som finst gjennom ein dans som alltid har vore utvikla på menn sine premissar? Gjennom kreativ prosess rundt menstruasjon, eggløsning og graviditet har me leita etter ny dans via opprivne magemusklar og hattespark som aldri har vorte hylla. Me ynskjer å vise eit rått og ærleg bilde av korleis det er å vere kvinneleg hallingdansar. Og kanskje er det ein ny type tradisjonsdans som kjem ut på andre sida.
Koreografi av Silje Onstad Hålien frå Valdres, komposisjon og musikalsk bearbeiding av Selma French Bolstad fra Oslo, i samarbeid med Solveig Wang fra Oslo.
Mamelukk Dansekompani består av Selma French Bolstad (hardingfele, fele/fiolin), Solveig Wang (tangenter, elektronika, vokal), Silje Onstad Hålien (dans og vokal), Anita Vika Langødegård (dans og vokal), Solveig Hårdnes, Heggenes (dans og vokal), Brigitte Halldis Hegge Blomlie (dans og vokal) og Margit Myhr (dans og vokal).